Kunngjeringar

Her finn du plansaker og andre kunngjeringar som til dømes varsel om oppstart av planarbeid, høyringar og planar som vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

 

Gå til skjema for elektronisk høyringsuttale >

Sist endra 09.11.2016
Publisert 08.11.2018

I medhald av § 12-3 og §12-8 i plan- og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av reguleringsendring av detaljregulering Slåttebakkane B2 i Førde kommune. Planområdet er på vel 23 dekar og er avgrensa som vist på kart neste side.

Publisert 03.11.2018
Indre øyrane bilde

Det er utarbeidd framlegg til skjøtselsplan for Løken saman med områderegulering Indre Øyrane. Føremål med skjøtselsplan er å legge til rette for å ta vare på naturmangfaldet, der delar av området samtidig kan brukast til friluftsliv når det ikkje kjem i konflikt med naturverdiane. Skjøtselsplanen vurderer tilstanden, naturverdiar, utfordringar, og foreslår ulike tiltak i Løken.

 

Publisert 03.11.2018
Indre Øyane 2

Planframlegget legg til rette for utbygging og utvikling av store delar av dagens landbruksareal på Indre Øyrane. I tillegg er det lagt til rette for utviding av den vidaregåande skulen, trafostasjon i nord, og området vest for Naustdalsvegen/rv. 5 mellom Øyravegen og Løken. Planframlegget legg vekt på tre sentrale plangrep; byform/funksjonar, blågrøn-struktur/Løken og trafikk- og gatestruktur.

 

Publisert 01.11.2018

Førde bystyre vedtok områderegulering Ytre Øyrane i møte den 26. oktober 2018.

Publisert 25.10.2018

Førde kommune gjennomførte dialogmøte 17. oktober 2018 med aktuelle kjøparar av Angedalsvegen 6. Her finn du referat frå møtet, presentasjonen som vart vist i møtet og saksframlegget til formannskapet om eit eventuelt sal av Angedalsvegen 6.  

Publisert 10.10.2018

Planen legg til rette for å føre opp ei ny blokk for kontor og tenesteyting på 5/6 etasjar vest for eksisterande bygg på Øyrane. I tillegg kan det førast opp parkeringsanlegg på eksisterande parkeringsplassar i søraust.

Publisert 01.10.2018

Planutvalet vedtok 20.09.2018 å legge detaljregulering for Elvekanten, gbnr. 21/342 og del av 21/657  fram for høyring og offentleg ettersyn i 2 alternativ. Planframlegget skal i hovudsak legge til rette for bustad, forretning og kontor og er eit viktig byutviklingsprosjekt. Alternativ 1 er planfremjar sitt hovudforslag. Alternativ 2 er planforslag med rådmannen sine endringar.

 

 

Publisert 21.02.2018
Framside planprogram

Forslag til planprogram vart vedteke av planutvalet i møte 8. februar og stadfesta av bystyret 15. februar 2018. 

Publisert 26.06.2017

I samband med områderegulering for Brulandsvellene må det greiast ut tilhøve kring trafikkløysing for området. Planutvalet gjorde følgjande vedtak i møte den 22.06.2017 i sak 042/17:

 

Fann du det du leitte etter?