Hilde Bjørkum får kulturprisen for 2018

Hilde Bjørkum - Klikk for stort bilete

Formannskapet vedtok i dag at kulturprisen for Førde kommune 2018 går til Hilde Bjørkum.

Grunngiving for kulturprisen til Hilde Bjørkum

Hilde Bjørkum får prisen først og fremst for hennar engasjement med å utvikle folkemusikkfestivalen i Førde til ein knutepunktfestival med internasjonal profil. Under leiing av Hilde Bjørkum har Førdefestivalen gått frå å vere ein usannsynleg idé, til å bli den største festivalen i Skandinavia for folkemusikk og verdsmusikk.

 

Hilde Bjørkum var direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival sidan oppstarten for festivalen i 1989 til oktober 2018. Ho har òg røynsle frå organiasjons- og kulturarbeid både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  Ho har hatt ei rekke verv og oppdrag, mellom anna for Norsk Kulturråd, Nordisk Musikkomité, Music Norway, Kulturdepartementet, EU’s Kulturprogram og Womex. Ho har vore leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans, styremedlem for Norges Musikkhøgskole og president i European Forum of Worldwide Music Festivals. For tida er ho styreleiar for Norske Festivaler og for Krafttak for Song.  Ho har motteke ei rekke prisar for sitt arbeid, mellom anna har ho fått heidersprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans (2006), fylkeskulturprisen (2015) og  folkemusikkprisen (2018).

 

Utdeling på bystyremøtet 13. desember 2018

Kulturprisen til Hilde Bjørkum blir delt ut torsdag 13. desember 2018 i Førdehuset i samband med bystyret sitt julemøte. Prisen er på 25 000 kroner. 

 

Kulturprisen i Førde kommune

Kulturprisen har blitt delt ut sidan 1988, og er ein viktig pris for kulturlivet i kommunen. I statuttane heiter det at prisen skal vere ein stimulans og bli tildelt på grunnlag av ein særleg innsats innanfor kulturlivet. Kulturprisen kan gå til einskildpersonar, grupper eller organisasjonar som over tid har gjort ein innsats utanom det vanlege. Prisen kan òg delast på fleire kandidatar. 

 

Her ser du kven som har fått kulturprisen tidlegare

Kulturprisen Mottakarar av kulturprisen frå 1988
Namn Årstal
Agnes og Erik Bjørbæk(Sunnfjord Kunstlag) 1988
Førde Skulemusikkorps 1989
Oddvar Torsheim 1990
Martinius Grov 1991
Deciding 1992
Førde Kammerkor 1993
Førde idrettslag 1994
Johan Rørvik 1995
Førde ungdomslag 1996
Rannveig Tveit Kirkebø 1997
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 1998
Terje Ness 1999
Jorunn Reina 2000
Sunnfjord Museum 2001
Klaus Undeland 2002
Førderevyen 2003
Ove Henning Solheim (Skrivarløa) 2004
Olaug Nilssen 2005
Bymarkas Venner 2006
Førde Volleyballklubb 2007
Arle Hjelmeland 2008
Førde IL fotball 2009
Slåtten skulemusikk 2010
Langeland ski- og fritidssenter 2011
Hans Sande 2012
Gro og Arvid Anthun 2013
Thea Hjelmeland 2014
Førde historielag 2015
Førde IL Handball 2016
Hans Jakob Reite 2017
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar