Ofte stilte spørsmål

Søknad på stilling

Ofte stilte spørsmål
Eg har problem med å sende inn elektronisk søknad
Ta kontakt med Servicetorget, tlf. 57 72 20 00.
Kan eg sende inn ein open søknad?
Nei, vi tek ikkje imot opne søknader generelt. Dersom du er interessert i jobb i Førde kommune, må du ta direkte kontakt med dei einingane som er aktuelle for deg og eventuelt sende ein søknad pr. e-post dit. Alle ledige stillingar i Førde kommune vert lyst ut på www.forde.kommune.no. Du er velkomen som søkjar på ledige stillingar.
Eg har søkt tidlegare, må eg fylle ut fullstendig søknad på nytt?
Når du loggar deg på vårt søknadssenter vil tidlegare innsendte søknader liggje der, og du kan nytte dei som mal for ny søknad. Då kan du berre supplere med nye opplysningar før innsending.
Eg er tilsett i Førde kommune, men søkjer stilling på ei anna eining. Må eg sende inn fullstendig søknad?
Ja. Når du loggar deg på vårt søknadssenter vil tidlegare innsendte søknader liggje der, og du kan nytte dei som mal for ny søknad.
Når får eg svar på søknaden?
Du får elektronisk svar på at søknaden er motteken. Kor lang tid tilsettingsprosessen tar, vil variere sterkt. Har du spørsmål til korleis saka står, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00.
Skal eg sende inn attestar og vitnemål i lag med søknaden?
Dersom det ikkje står i annonsa at du skal sende inn vitnemål og attestar i lag med søknaden, skal du ikkje gjere det. Du skal ta med deg attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Om det ikkje er intervju, skal det sendast inn samstundes med underskriven kontrakt.

Snarvegar