Detaljregulering Concord er vedteke

Planen legg til rette for å føre opp ei ny blokk for kontor og tenesteyting på 5/6 etasjar vest for eksisterande bygg på Øyrane. I tillegg kan det førast opp parkeringsanlegg på eksisterande parkeringsplassar i søraust.

Bystyret i Førde kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Concord i sak 046/18 den 27.09.2018.

 

Planområdet på ca. 17 dekar ligg vest for Rv 5 Naustdalsvegen, og mellom Øyravegen og Firdavegen. Området er regulert til kontor/tenesteyting i tre soner. Sonene med eksisterande bygg er regulert med BYA på 45 % og 60 %, medan sona for nytt bygg har ein BYA lik 80 %. Høgder er ikkje endra for områda med eksisterande bygg, medan nytt bygg kan førast opp i 5 etasjar med ein tilbaketrekt 6. etasje. Det er i tillegg regulert eit areal for felles parkeringshus/-anlegg på eksisterande parkeringsplass i søraust. Det er regulert felles privat gate gjennom området i sørvest.
 

Føresegner og plankart er juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

 

Dokument i samband med vedtak av saka.

 

Planen vil erstatte delar av reguleringsplan Rundkøyring Øyrane av 2005.

 

 

 

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå kunngjering.  Ev. klage stilast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og sendast til Førde kommune, Planutvalet, postboks 338, 6802 Førde

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar