Områderegulering Indre Øyrane til offentleg ettersyn

Indre Øyane 2 - Klikk for stort bilete Planframlegget legg til rette for utbygging og utvikling av store delar av dagens landbruksareal på Indre Øyrane. I tillegg er det lagt til rette for utviding av den vidaregåande skulen, trafostasjon i nord, og området vest for Naustdalsvegen/rv. 5 mellom Øyravegen og Løken. Planframlegget legg vekt på tre sentrale plangrep; byform/funksjonar, blågrøn-struktur/Løken og trafikk- og gatestruktur.

 

 

Multiconsult Norge AS har på vegne av Førde kommune i samarbeid med grunneigarane Torbjørn Berqvam/Tore Berqvam, representant for gbnr 21/44 Bjarte Roska og Coop Eigedom Vest Øyrane ved Ida Berqvam og Wilhelm Gjertsen.

 

Planområdet er om lag 321 dekar stort, og opnar for etablering av konsentrert-/ blokk-busetnad, kombinerte bygg for bustad, kontor og forretning, kjøpesenter, innandørs lager, lett industri, utviding av vidaregåande skule, barnehage, offentleg og privat tenesteyting, torg, park, gatestruktur, gang-/sykkelvegar, gangvegar, og regulerer naturområde i og kring Løken. Det er utarbeidd to alternativ av plankartet med ulik plassering av gate SKV7 i søraust. Føresegnene har rammer for utarbeiding av detaljreguleringsplan for dei enkelte delområda. Det vert vist til planomtalen for fleire opplysningar om framlegget.

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Dokument i saka.

Revidert plankart etter vedtak i planutvalet:

 

Områdereguleringsplanen vil erstatte reguleringsplanane Rundkøyring Øyrane av 2005, Storehagen – Naustdalsvegen av 2006, Indre Øyrane, søre del av 2005, og delar av, og Øyra gbnr. 21/456 m. fl. av 2001. Reguleringsplanane Indre Øyrane – Langebruvegen av 2017 vil gjelde fram til opning av komplett veganlegg.

 

Planframlegget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 03.11. – 15.12.2018. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, og på servicetorget til Førde kommune.

 

Send eventuelle merknadar på elektronisk skjema, via e-post: postmottak@forde.kommune.no eller per post: Førde kommune, postboks 338, 6801 Førde

innan 15. desember 2018.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar