Skjøtselsplan for Løken til offentleg ettersyn

Indre øyrane bilde - Klikk for stort bilete Det er utarbeidd framlegg til skjøtselsplan for Løken saman med områderegulering Indre Øyrane. Føremål med skjøtselsplan er å legge til rette for å ta vare på naturmangfaldet, der delar av området samtidig kan brukast til friluftsliv når det ikkje kjem i konflikt med naturverdiane. Skjøtselsplanen vurderer tilstanden, naturverdiar, utfordringar, og foreslår ulike tiltak i Løken.

Skjøtselsplan gjeld for område som er regulert til natur-formål, naturområde – grønstruktur og naturområde i sjø og vassdrag (andre areal innanfor reguleringsområdet er ikkje inkludert i skjøtselsplanen) i områderegulering Indre Øyrane. Utgreiingsområdet er delt inn i åtte ulike delområde, som har ulike kvalitetar og trong for skjøtsel og omsyn. Dei viktigaste aktive tiltaka vil vere slått og/eller beite, men også rydding av busker og tre, framande artar og oppretting av fysiske stengsel for å hindre at folk og hundar får tilgang på delar av området er naudsynt.

 

Skjøtselsplan

Dokument i saka

 

Skjøtselsplanen er ein del av områderegulering Indre Øyrane, og vert handsama saman med områdeplanen.

 

Planframlegget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 03.11. – 15.12.2018. Planen er tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset, og på servicetorget til Førde kommune.

 

Send eventuelle merknadar på elektronisk skjema, via e-post: postmottak@forde.kommune.no eller per post: Førde kommune, postboks 338, 6801 Førde

innan 15. desember 2018.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar