Varsel om oppstart - reguleringsendring B2 Slåttebakkane

I medhald av § 12-3 og §12-8 i plan- og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av reguleringsendring av detaljregulering Slåttebakkane B2 i Førde kommune. Planområdet er på vel 23 dekar og er avgrensa som vist på kart neste side.

Hovudføremålet er å gje plass til ei ekstra tomt ved å justere g/s-veg og felles grøntområde, korte ned køyrevegen og forskyve regulerte tomter sørover. I tillegg justere føresegnene med omsyn til byggehøgder og antal etasjar på ein del tomter, samt regulere tilleggsareal for fire eksisterande nabotomter i Brendeholten, mellom 76 og 95 m2 kvar.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar