Informasjon til søkjarar

Alle ledige stillingar i Førde kommune vert lyst ut på nettsida vår. I tillegg vert det sett inn annonse i lokalavisa og lagt ut på NAV. Vi tek generelt ikkje imot opne søknader. 

Vi gjer merksam på at fast tilsette i Førde kommune som er deltidstilsette, kan ha førerett til utlyste stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Avtaleverk, retningslinjer og reglement som gjeld tilsette i Førde kommune finn du under For tilsette.

Mangfaldig arbeidsmiljø

Førde kommune ønskjer så langt som mogleg å spegle mangfaldet i befolkninga og ha eit mangfaldig arbeidsmiljø. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne, alder og seksuell orientering. 

 

Vilkår for tilsetjing

Tilsetjing i kommunen skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, regelverk, tariffavtale og lokale avtalar. Kommunen har for tida ei ordning med kompetansetillegg på inntil kr 20.000. Medlemskap i KLP/SPK. På faste stillingar er det 6 månaders prøvetid. 

 
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar