Ledige stillingar i Bu- og miljøtenesta

th_Stilling-ledig-bilde-web.jpg - Klikk for stort bilete Bu- og miljøtenesta yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta har 34 årsverk, fordelt på 50 tilsette. Desse har utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog, ergoterapeut, helsefagarbeidar og assistentar.

Dei tilsette er delt i 2 personalgrupper. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde.

Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

For stillingane er det turnusordning med langvakter. Arbeidstida er for tida seinvakter med kvilande nattvakt i vekedagane og med arbeid 3. kvar helg. Arbeidshelgane er også for tida organisert med langvakter.

Stillingane er for tida organisert hos ein tenestemottakar med 1:1 bemanning.

Vi har følgande stillingar ledig:

 

Sak 18/3876:

  • 80 % fast stilling som miljøterapeut

Vi søker etter vernepleiar eller sjukepleiar.

Sak 18/3877:

  • 80 % vikariat som miljøarbeidar

Vi søker etter helsefagarbeidar. Tilsetting i stillinga er frå snarast, eller etter avtale, og til og med 3. juni 2019. Det er mogleg at vikariatet vert forlenga.

Sak 18/3878:

  • helgestillingar, 25 % fast

Vi søker etter sjukepleiarar, vernepleiarar eller helsefagarbeidarar.

Helgestillingane er organisert med arbeid kvar 3. helg. Den eine arbeidshelga er for tida langvakt på dagtid. Neste arbeidshelg er for tida seinvakt med kvilande natt. Dette rullerer. Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar, samt andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid kan også søke. Desse vil få tilbod om mellombelse stillingar.

 

For alle stillingane

Har du interesse eller erfaring med denne type arbeid, men manglar utdanning, kan du også søke. Du vil då få tilbod om mellombels stilling.

Vi kan tilby: 

  • Studentar som tek helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning har eigen lønsstige med stigande løn under studiet.

Vi søker deg som:

  • har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, tverrfagleg og i team
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • har førarkort klasse B

Vi ynskjer at du:

  • har erfaring frå liknande arbeid
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Gerica

Det blir kravd politiattest før tilsetting. Attestar og vitnemål kan du ta med på eit eventuelt intervju.

Kontakt

For meir informasjon om stillingane, kontakt fagleiar Roger Hilding, tlf. 948 03 024, eller einingsleiar Erik Øksenberg Wold, tlf. 948 09 065.

Søknad

Du søker med vårt elektroniske søknadsskjema. Oppgje sak nr.

Søknadsfrist: 25. november 2018.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar