Feiring av ny storkommune

Kakefest med fylkesmannen 19.09.16 - Klikk for stort bilete

Fylkesmann Anne Karin Hamre hadde måndag 19. september 2016 med seg gratulasjonskake for å feire ny storkommune i indre Sunnfjord. Ordførarane var invitert til kakefest. Frå venstre: Olve Grotle (Førde), Oddmund Klakegg (Jølster), Anne Karin Hamre, Mathias Råheim (Gaular) og Håkon Myrvang (Naustdal).  

Fylkesmannen tilrår samanslåing i indre Sunnfjord  

Fylkesmannen var på besøk i Førde måndag 19. september, og her kunne ho røpe at ho vil tilrå samanslåing av kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal frå 2020. 

 

Tilråding frå Fylkesmannen innan 1. oktober 2016

Fylkesmannen skal innan 1. oktober legge fram ei sak med tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om framtidig kommunestruktur i fylket.
 

Frå tilrådinga til departementet som gjeld kommunane i indre Sunnfjord heiter det: 

«Etter Fylkesmannens vurdering vil den nye kommunen oppfylle målsetjingane i kommunereforma og kriteria for god kommunestruktur. Dei er i dag eit felles- bu og arbeidsområde med stor arbeidspendling mellom kommunane, og det ligg til rette for at den nye kommunen blir eit funksjonelt område for samfunnsutvikling, både lokalt og regionalt. Vi vurderer det slik at desse fire kommunane i indre Sunnfjord gjennom arbeidet så langt har vist at dei har gode føresetnadar for å verte ein vellukka ny kommune. Samstundes er vår vurdering at det vil vere utfordringar knytt til å byggje ei ny, harmonisk og effektiv kommune av fire tidlegare kommunar. Samanslåingsprosessen er eit sers omfattande arbeid som det knapt er erfaringar med frå før i moderne tid i Noreg. I tillegg er det høge forventningar lokalt til kraft og løysingsevne i den nye kommunen. Det er derfor viktig at staten følgjer opp dei forventningane som er skapte om til dømes nye oppgåver, fullmakter og fordeling av statlege arbeidsplassar. Det er også viktig at desse kommunane får ro i nokre år for å finne saman.» 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar