Kommunereform - kva skjer i 2017?

Kart liten SiS - Klikk for stort bilete Som kjent har dei fire kommunane Naustdal, Gaular, Jølster og Førde gjort gjensidige vedtak om å slå seg saman. Prosessen er godt i gang, og viktige avgjerder skal fattast i tida framover. 

Organisering av prosjektet fram til sommaren 2017

Hausten 2016 gjorde kommunestyra i dei fire kommunane vedtak om korleis prosjektet skulle organiserast fram til sommaren 2017. Styringsgruppe er dei fire ordførarane, men der også rådmennene og prosjektleiaren deltek. Prosjektgruppe er rådmennene og 4 hovudtillitsvalde samt prosjektleiar Øystein Høyvik og Trond Ueland som sekretær i SiS (Samarbeid i Sunnfjord).  Vi har jamlege møte ca kvar tredje veke.
 

Framdrift og vidare organisering

Regjeringa skal på etterjulsvinteren legge fram ei stortingsmelding der dei kjem med forslag til Stortinget om korleis samanslåinga skal skje. I vårt område er samanslåinga frivilleg, og resultatet i Stortinget vil stadfeste dette. Men som de sikkert kjenner til, har fleire fylkesmenn tatt til orde for at nokre kommunar bør tvangssamanslåast.  Dette må Stortinget ta stilling til når dei skal handsame proposisjonen før sommaren.

 

Når Stortinget har handsama saka, skal kommunestyra i dei fire kommunane nemne opp det som heiter ei fellesnemnd.  Denne nemnda skal organisere og samordne samanslåingsprosessen.  Dei blir ei styringsgruppe med formelle og vide fullmakter m.a. til å tilsette ny rådmann. Kor stor denne fellesnemnda skal vere og kor mange representantar kvar kommune skal nemne opp må avklarast i løpet av kort tid.  Hovudprinsippet i lova er at tal representantar frå kvar kommune bør avspegle folketalet i kommunane, men erfaring frå andre samanslåingar er likevel at dette ikkje alltid let seg gjere.
 

Eit anna spørsmål som må finne si løysing i løpet av våren, er korleis den administrative organiseringa skal gjerast etter at Stortinget har gjort vedtaket sitt.  Skal ein fortsette med noverande prosjektorganisasjon eller skal ein t.d. tilsette ein prosjektleiar som så blir den nye rådmannen slik det har vore gjort i nokre samanslåingsprosessar?  Erfaringane frå andre slike prosessar er at ny rådmann og ny leiing bør vere på plass minimum eitt år før samanslåinga formelt skjer.

 

Tidsaspektet

Med dei planane som no ligg føre, skal den nye kommunen vere operativ frå 1. januar 2020.  Det skal gjennomførast kommuneval hausten 2019 der det nye kommunestyret på 35 blir valt.
 

Det er altså tre år til den nye kommuneorganisasjonen er i gang. Tre år er ein lang prosjektperiode der vi skal drifte fire kommunar samstundes som vi skal lage ein ny organisasjon. I denne perioden vil vi ha fire kommunetyre, fire ordførarar og fire rådmenn i tillegg til den nye organisasjonen som skal etablerast. Truleg ville det ha vore betre med ein kortare prosjektperiode, men der den framtidige kommunen i større grad måtte løyse mange av dei utfordringane som sjølvsagt må finne si løysing.

 

Andre utfordringar

Då kommunestyra i dei fire kommunane gjorde sine vedtak om samanslåing før 1. juli 2016, vart det hos nokre av dei lagt inn einsidige føresetnader som no må avklarast.  Jølster kommune har i sitt vedtak med formuleringar om eigne fond som er vanskeleg for Gaular å akseptere medan Naustdal har gjort einsidig vedtak om at dei fire kommunane skal ha like mange medlemmar i fellesnemnda. Rådmennene har laga eit notat der vi har skissert ei løysing.  Notatet er no til drøfting hos styringsgruppa, og må deretter handsamast av enten fellesnemnda eller dei fire kommunestyra.
 

Namn?

I intensjonsavtalen som er vedteken i  kommunestyra og som er grunnlaget for vedtak om samanslåing, står det at Sunnfjord skal vere kommunenamn. Men som de registrer er dette likevel eitt heitt tema. Ordførarane utgjer namnekomité og skal drøfte vidare prosess for korleis ein skal konkludere med omsyn til kommunenamn. Kongen i statsråd skal gjere endeleg vedtak om kommunenamn etter at kommunestyra har handsama forslaget.
 

Kva skjer no framover?

5. januar skal det vere møte med alle kommunalsjefane og rådmennene for å drøfte korleis vi skal organisere oss framover og kva vi må fokusere på den nærmaste tida.

 

Dei fire kommunane er også deltakarar i ei seminarrekke arrangert av Kommunaldepartementet og KS i Oslo og Bergen.  Samtidig blir det oppretta nettverk mellom dei kommunane på Vestlandet som har gjort vedtak om samanslåing.

 

14. og 15. februar skal formannskapa i dei fire kommunane møtast i Balestrand for å drøfte den vidare prosessen og starte arbeidet med harmonisering av tenestene i dei fire kommunane.  Eg håpar dette også blir ein god arena for felles kulturbygging.

 

Når Stortinget så har gjort vedtaket sitt før sommaren, trer Fellesnemnda i funksjon.
 

Meir informasjon?

Vi er i ferd med å lage ein kommunikasjonsplan. Eitt av elementa i den vil vere at heimesida http://prosjektsunnfjord.no/ skal omarbeidast og bli den plassen du vil finne relevant informasjon om kommunereforma i indre Sunnfjord.

 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar