Ny kommune - følg med på kva som skjer

Kart liten SiS - Klikk for stort bilete Som kjent har dei fire kommunane Naustdal, Gaular, Jølster og Førde gjort gjensidige vedtak om å slå seg saman. Følg med på vegen mot ein ny kommune på nettsida prosjektsunnfjord.no eller på facebook-sida indre Sunnfjord

Organisering av prosjektet fram til sommaren 2017

Hausten 2016 gjorde kommunestyra i dei fire kommunane vedtak om korleis prosjektet skulle organiserast fram til sommaren 2017. Styringsgruppe er dei fire ordførarane, men der også rådmennene og prosjektleiaren deltek.

 

Prosjektgruppe er rådmennene og 4 hovudtillitsvalde samt prosjektleiar Øystein Høyvik og Trond Ueland som sekretær i SiS (Samarbeid i Sunnfjord). Prosjekt- og styringsgruppa har jamlege møte ca kvar tredje veke.

 

Framdrift og vidare organisering

Regjeringa skal i løpet av vinteren legge fram ei stortingsmelding der dei kjem med forslag til Stortinget om korleis samanslåinga skal skje.


Når Stortinget har handsama saka, skal kommunestyra i dei fire kommunane nemne opp det som heiter ei fellesnemnd. Denne nemnda skal organisere og samordne samanslåingsprosessen. Dei blir ei styringsgruppe med formelle og vide fullmakter mellom anna til å tilsette ny rådmann.

 

Kor stor denne fellesnemnda skal vere og kor mange representantar kvar kommune skal nemne opp må avklarast i løpet av kort tid. Hovudprinsippet i lova er at tal representantar frå kvar kommune bør avspegle folketalet i kommunane, men erfaring frå andre samanslåingar er likevel at dette ikkje alltid let seg gjere.


Med dei planane som no ligg føre, skal den nye kommunen vere operativ frå 1. januar 2020. Det skal gjennomførast kommuneval hausten 2019 der det nye kommunestyret på 35 blir valt.

 

>> Følg med på nettsida prosjektsunnfjord.no der du finn informasjon om vegen mot ein ny kommune. 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar