Status kommunereform juni 2017

Kartillustrasjon SiS - Klikk for stort bilete

Torsdag 8. juni 2017 vedtok Stortinget at Naustdal, Gaular, Jølster og Førde skal slåast saman frå 1. januar 2020. I kommunevalet hausten 2019 vert det nye kommunestyret på 45 valt.

Felles kommunestyremøte

21. juni 2017 vart det halde felles kommunestyremøte for dei fire kommunane på Skei. Det var fylkesmannen som kalla inn til dette møtet der kommunestyra skulle drøfte følgjande saker:

  • Talet på medlemar i det nye kommunestyret
  • Kriterium for samansetting og funksjon til fellesnemnda
  • Val av revisor for verksemda i fellesnemnda
  • Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga
  • Framlegg til namn på den nye kommunen

 

Sjølv om kommunestyra tidlegare hadde gjort vedtak om at talet på medlemmar i det nye kommunestyret skulle vere 35, endra dei dette i møtet på Skei til 45.

 

Kommunenamn

Kommunane Førde og Naustdal gjennomførte i mai ei opinionsundersøking med tanke på nytt kommunenamn. Alternativa var Indre Sunnfjord (som namnekomiteen tilrådde), Førde og Firda.
 

I Naustdal ville 59 % av dei spurde ha Førde som kommunenamn, 19 % Indre Sunnfjord og 13 % Firda.

 

I Førde ville 75 % av dei spurde ha Førde som kommunenamn, 13 % Indre Sunnfjord og 6 % Firda.

 

Kommunestyra i Naustdal og Førde gjorde etter dette vedtak om at namnet på den nye kommunen burde vere Førde.

 

Kommunane Gaular og Jølster gjennomførte ikkje slik undersøking, men gjorde vedtak om at kommunenamnet burde vere Indre Sunnfjord.

 

I felles kommunestyremøte på Skei vart ein ikkje samde om kva som skal vere namnet på den nye kommunen, og det blir no opp til regjeringa å fastsette namnet.

 

Fellesnemnd

Etter at Stortinget no har gjort vedtak om å slå saman dei fire kommunane, vil det vere Fellesnemnda som har ansvaret for prosessen vidare. Fellesnemnda består av representantar frå kommunestyra i dei fire kommunane. 4 representantar frå Gaular, Jølster og Naustdal – og 7 frå Førde. Til saman er det 19 medlemmar i Fellesnemnda:

 

​Mathias Råheim,
Gaular (H)
Anita Eide Kvamme,
Gaular (Ap)
​Norunn Lunde Furnes,
Gaular (Krf)
Kari Iren Birkeland,
Gaular (Sp)
Oddmund Klakegg,
Jølster (Sp)
Reidun Støfring,
Jølster (Sp)
Jakob Andre Sandal,
Jølster (SV)
Anders Kristian Sægrov, Jølster (H) Olve Grotle,
Førde (H)
Ivar Svensøy,
Førde (Ap)
Kari Valle,
Førde (Ap)
Ole Jonny Stubhaug,
Førde (Sp)
Turid Vallestad,
Førde (SV)
Gunn Merete Paulsen,
Førde (V)
Bjørn-Harald Haugsvær,
Førde (Krf)
Håkon Myrvang,
Naustdal (Ap)
Annlaug Birkeland,
Naustdal (Ap)
Åsmund Berthelsen,
Naustdal (SV)
Erlend Herstad,
Naustdal (Sp)
   

 

Fellesnemnda hadde sitt første møte 28. juni der dei mellom anna valte leiar og nestleiar og bestemte den administrative organiseringa i prosjektet framover, sjå protokoll frå møte 28. juni 2017 i Fellesnemnda.

 

  • Leiar for Fellesnemnda: Olve Grotle (Førde)
  • Nestleiar: Anita Eide Kvamme (Gaular)



Møteplan for Fellesnemnda hausten 2017:

  • 19.–20. september
  • 18. oktober
  • 15. november
  • 13. desember

 

Administrativ organisering

Øystein Høyvik blir prosjektkoordinator for perioden juli 2017 – desember 2019. Rådmannen i Førde, Ole John Østenstad, blir prosjektansvarleg fram til ny rådmann/prosjektleiar er på plass – truleg på nyåret 2018. Det blir oppretta eit prosjektsekretariat med inntil 5 årsverk.

 

Kva arbeider vi med no?

Kommunalsjefane, arkivleiarane og personalsjefane har danna nettverksgrupper for å kartlegge kva område som må harmoniserast og samordnast før ei samanslåing. Nettverka har møttest regelmessig, og kommunal-/etatsjefane har vurdert kva oppgåver som må utførast før 1. januar 2020, kva som bør skje før 1.januar 2020 og kva som kan/bør vente til ny kommune er etablert.
 

Noko av det første som vil skje er ei avklaring knytt til kven som skal bli rådmann i den nye kommunen og som også vil vere leiar for samanslåingsprosjektet. Det er også viktig å gjere tilsvarande avklaring hos kommunalsjefane.
 

Det skal også utarbeidast eit omstillingsdokument og ein prosjektplan.

 

Informasjon

Alle aktuelle dokument, møtereferat o.l knytt til samanslåingsprosessen finn du på www.prosjektsunnfjord.no I tillegg kan du følgje vegen mot ny kommune på facebooksida til Indre Sunnfjord

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar