Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020

Fellesnemndleiar Olve Grotle. Fotograf: Steffen Jonstad - Klikk for stort bileteFellesnemndleiar Olve Grotle. Fotograf: Steffen Jonstad

Namnet på den nye kommunen skal vere Sunnfjord. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har tatt avgjerd om kommunenamn og kunngjeringa kom 19. desember 2017.

Fellesnemndleiar er nøgd med namnevalet

Olve Grotle, leiar i Fellesnemnda og ordførar i Førde, er nøgd med at den nye kommunen av Jølster, Gaular, Naustdal og Førde får namnet Sunnfjord. Namnet er i samsvar med det som er fastsett i intensjonsavalen, og som blei vedtatt i alle dei fire kommunestyra.
 

– Det er godt at departementet har tatt avgjerd i ei viktig og vanskeleg sak for oss, og at den nye kommunen no har fått eit samlande, godt dekkande, flott og stolt namn med lange historiske røter.
 

– At Sunnfjord kommune har fått eit namn som tradisjonelt strekker seg utover grensene til kommunen, kan eg forstå vekker reaksjonar. Eg håpar likevel at det kan oppfattast slik at kommunen ønskjer å vere utoverretta, samarbeidssøkjande, ha ei god leiarrolle, og at vi som bur her ikkje skal vere oss sjølve nok, skriv Olve Grotle på Facebook. 

 

Usemje om namn avgjort av departementet

Dei fire kommunane kom ikkje fram til semje om eit forslag til kva som skulle vere namnet på den nye kommunen. To av kommunane, Førde og Naustdal, ville ha Førde som nytt namn, medan Jølster og Gaular ønskte Indre Sunnfjord. I arbeidet med intensjonsavtalen for dei fire kommunane, var alle fire samde om at namnet Sunnfjord var eit godt namn på den nye kommunen. Departementet har difor lagt vekt på det kommunane var samde om i intensjonsavtalen. 
 

 
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar