Ti av leiarane i Sunnfjord kommune er klar

Førde rådhus, Lise Mari Haugen  - Klikk for stort bilete

Lise Mari Haugen blir assisterande rådmann i Sunnfjord kommune. Ho er ein av ti leiarar som no er plukka ut til å leie den nye kommunen. 

Leiarar i Sunnfjord kommune 

Rådmann/prosjektleiar i Sunnfjord kommune Ole John Østenstad har etter ein grundig prosess valt ut dei ti første leiarane i Sunnfjord kommune: 

  • Assisterande rådmann: Lise Mari Haugen
  • Kommunalsjef skule: Atle Fasteland
  • Kommunalsjef helse- og sosial: Kurt Even Andersen
  • Kommunalsjef omsorg: Kirstin Bruland
  • Kommunalsjef teknisk og miljø: Øyvind Bang-Olsen
  • Stabsleiar fagutvikling: Øystein Høyvik
  • Stabsleiar personal og organisasjon: Jan Birger Moe
  • Stabsleiar service: Ellen Jensen
  • Stabsleiar samfunnsutvikling og næring: Trond Ueland
  • Stabsleiar rekneskap og skatt: Terje Guddal


Alle leiarane har vore gjennom ein kartleggingssamtale der dei kunne kome med ønska sine i den nye organisasjonen. Etter kartlegginga vart det gjennomført intervju med kvar enkelt. Jan Sebjørnsen Storstein frå Skagerak Consulting, Østenstad og to tillitsvalde har gjennomført intervjua med leiarane. Storstein kom med ei tilråding om kven han meinte passa best til dei ulike stillingane. Østenstad følgde tilrådinga til konsulenten og desse ti har fått tilbod om stillingane.  

 

To stillingar vert lyst ut eksternt

  • Kommunalsjef barnehage
  • Kommunalsjef kultur og idrett

 

Organisasjonsmodellen på plass

I fellesnemndmøtet 9. mai 2018 vart organisasjonsmodellen for administrasjonen bestemt.  Politikarane slutta seg til prosjektleiar/rådmann Ole John Østenstad si tilråding om ein to-nivåmodell. Du kan lese meir om grunngjevinga bak valet av to-nivåmodellen og kva dei ulike områda skal ha ansvar for i saksframlegget til fellesnemnda 9. mai 2018.  

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar