SLT-arbeid

SLT arbeidsgruppe - Klikk for stort bilete

På bildet er SLT-gruppa i Førde kommune samla. Frå venstre Tove Nedrebø, Odd Helge Vågset, Lillian Vassbotten og Eli Britt Danielsen. 

Kontaktpersonar for SLT-arbeidet i Førde

 

Kva er SLT-modellen?

SLT står for "Samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak" . Modellen skal samordne rus og kriminalitetsførebyggende tiltak for barn og unge. Målet er at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.
 

Det er mange, både enkeltpersonar og offentlege instansar som bidrar i dette arbeidet. Modellen skal sørge for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar. Også næringsliv og frivillige organisasjoner høyrer med i dette nettverket.
 

Når sektorane har regelmessige møte for å utveksle kunnskap og erfaringar, og bli kjent med kvarandre sine arbeidsmåtar, blir det enklare å drive målretta førebygging. Når signal vert fanga opp, kan tiltak bli sett i verk tidlegare, meir presist – medan faren for dobbeltarbeid og overlapping vert redusert. 

 

Utekontakten i Førde kommune

Tove Nedrebø starta i jobben som utekontakt i Førde kommune i august 2018. Ho skal jobbe mot enkeltungdomar og mot grupper av ungdom - alt etter kva som er utfordring eller behov i ungdomsmiljøet. Utekontakten skal jobbe opp mot både yngre og eldre ungdomar (19–23 år).

 

Utekontakten vil ha ei viktig rolle med å forebygge negativ utvikling i ungdomsmiljøet, samt bidra med kartlegging av endringar i miljøet. 

 

Følg utekontakten på sosiale media eller ta kontakt via: 

  • Snap: utekontaktforde
  • Insta: _utekontakt 
  • E-post: tove.nedrebo@forde.kommune.no
  • Telefon: 415 30 913

 

Politirådet i Førde kommune

Politiråda er politiet og kommunane sitt formaliserte samarbeidsforum:

  • for det lokalkriminalitetsførebyggande arbeidet
  • for samordning av aktuelle beredskapsplanar
  • for arbeid med sikkerheit i samfunnet 

 

I Førde kommune består politirådet av ordførar, rådmann, kommunalsjefane, lensmann, politikontakt, ungdomsleiar og SLT-koordinator. 

 

Frå november 2018 vil kommunane Jølster, Naustdal og Gaular bli invitert med på politirådsmøta. Dette for å samordne arbeidet før kommunane blir samanslått til Sunnfjord kommune 1. januar 2020. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Lillian Vassbotten

Utviklingskoordinator for barn og unge innanfor helse
Telefon : 57 61 57 50
Mobil: 953 05 940

Snarvegar