Senter for friskliv og frivillighet - vekeplan

Her kan du laste ned vekeplanen for dei som er med på faste aktivitetar:

 

 

Måndag

  • Spenst+ 299 kroner per mnd.
  • Puls+ 349 kroner per mnd.
  • 10.00 - 11.30: Seniorkoret, Førde Helsetun
  • 15.30 - 16.30: Boksing og styrke, ungdomstime på Puls
  • 16.00 - 18.00: Klatring, Sunnfjordhallen på Vie
  • 17.00 - 18.00: Trim i sentrum, gåturar i sentrum med balanse og styrketrening undervegs, oppmøte Laksen v/Festplassen
     

Tysdag

  • Spenst+
  • Puls+
  • 09.00 - 10.00: Vanngym, Førde Terapibasseng 
  • 10.30 - 11.30: Seniortime i Hafstadparken
  • 17.30 - 19.30: Gåtur med LHL, oppmøte Laksen (frå april til oktober)
  • 18.00 - 19.00: Førde internasjonale kor, Førdehuset. 1/2 times kaffipause etterpå for dei som vil.
     

Onsdag 

  • Spenst+
  • Puls+
  • 10.00 - 13.00: Tur med Turlaget, oppmøte Essostasjonen, ca 3-timars tur (frå april til oktober)
  • 10.00  Ti - Kaffi, Førde Kyrkjetun
  • 12.00 - 13.00 Gå - og bli kjent. Arr. Spenst, oppmøte Spenst
  • 15.30 - 16.30: Boksing og styrke, ungdomstime på Puls
     

Torsdag

  • Spenst+
  • Puls+
  • 09.00 - 10.00: Basseng, Førde Terapibasseng
  • 12.00 - 14.00: Tur i terrenget. Oppmøte i Firdavegen 12.
  • 18.00 - 20.00: Internasjonal kafè, oddetalsveker, Rødekorsbygget (4.etg)

Fredag

  • Spenst+
  • Puls+
  • 13.30 - 14.30: Vanngym, Førde Terapibasseng
     

Informasjon om aktivitetane

  • Seniorkoret har øving på måndagar, frå kl. 10.00 - 11.30  kaffistund kl. 11.30 - 12.00 for dei som ønskjer . Kontingent kr 300,- pr halvår. Kom gjerne å prøv før du bestemmer deg for å verte medlem
  • Boksing og styrke for ungdom foregår med instruktør . Aktiviteten er eit samarbeid med ungdomsskular og vidaregåande skular.
  • Ti-kaffi er koseleg samlingsstund kvar onsdag klokka 10:00 i Førde Kyrkjelydshus, der det vert servert vaflar og kaffi.Dette er ein møteplass for alle. Ingen fast program – ordet er fritt og alle er velkomen.
  • Turgruppe torsdag for dei som ønsker å gå ein tur i terrenget. Oppmøte Firdavegen 12.
  • Styrkeøkt i Hafstadparken(KJEM) er for dei som ønsker styrketrening ute på dagtid.
  • Basseng tysdag, torsdag og fredag er trim i varmt vatn på Helsetunet. Dette er med instruktør.
  • Internasjonale Kafè er open for alle. Der vert servert kaffi, te og litt meir. Om du vil kan du ta med til «fellesbord». Gratis.
  • Førde Internasjonale Kor er eit tilbod for alle. Det er variert, rytmisk musikk med innslag frå ulike kulturar. Øvingane vert avslutta med kaffistund.
  • Spenst + er eit rabattert abbonement på kr. 299, - pr månad, dersom ein ønsker fri tilgang til spa og basseng på Sunnfjord Hotell koster det 349,- per mnd.Rekning vert sendt direkte til deg frå Spenst.
  • Puls + er eit fullverdig og rabattert abbonement på kr. 349,- for månaden. Ved første innmelding er det eit administrasjonsgebyr på 249,- som er eit eingongsbeløp i tillegg til månadsprisen. Rekning vert sendt direkte frå Puls til den einskilde.

    Dei som melder seg inn får også tilbud om ein gratis veiledningstime med ein av PULS sine PT`ar der ein får eit treningsprogram med gjennomgang

Du må gjere avtale med Frisklivssentralen for helsesamtale for å få redusert pris på Spenst og Puls. Ta kontakt på telefon 47 68 80 25. Du vil då få eit brukarbevis som du må vise fram på dei aktivitetar du meldar deg på.

  • Måndagsturane er gratis (evt kostnad for planlagde langturar vert varsla på førehand).
  • Andre gruppebasserte tilbod i regi av Friskliv- og frivilligsenteret vil vere gratis – det vil sei turar, trim i det fri, aktivitetar i nærområda og Friskliv, mat og helse.
  • Friskliv- og frivilligsenteret er eit kommunalt helsetilbod og vil ha tilgang på rettleiing frå fysioterapeut, ergoterapeut, lege, helsesøster, NAV samt andre offentlege instansar.
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar