Helsestasjon for ungdom og studentar

Helsestasjon for ungdom og studentar er eit tilbod til deg mellom 12 og 24 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje bestille time.

Opningstider Helsestasjon for ungdom

  • Tysdagar: 14.00–17.00

 

Kontaktinformasjon Førde helsestasjon

Helsestasjon for ungdom held til i Førde rådhus, Hafstadvegen 42, 3. etasje. 

  • telefon: 57 72 21 30 (kl. 08.00–11.30 og 12.30–15.00)
  • postadresse: Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde

Følg gjerne Helsestasjon for ungdom Førde på Facebook
 

Kva får eg hjelp til?

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om blant anna seksualitet, prevensjon, psykiske problem, rus og kosthald. Her kan du teste deg for seksuelt overførbare sjukdomar, og eventuelt få behandling mot dette. 


Du møter både helsesøster, jordmor og lege. Du kan få råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til fastlege og/eller spesialist ved behov. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Helsestasjonen, Sentralbord

Telefon : 57 72 21 30

Snarvegar