Ernæring og FOU-med fokus på studentaktive læringsformer

Sjukepleiestudentar kartlegg ernæringsstatus hjå eldre over 75 år 

Prosjektet pågjekk i perioden 2012 - 2014 og var eit samarbeid mellom Utviklingssenteret/Førde kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF) og Helse Førde. Det fekk støtte gjennom samarbeidsmidlar ved HISF.              

Mål:

  • kartlegge ernæringssatus hjå eldre over 75 år i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta
  • fange opp risikiopasientar, sette i verk førebyggande og behandlande tiltak
  • studentar og tilsette aukar fokuset på ernæring
  • medverke til å styrke samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelsetenesta
  • studentar tek aktivt del i  praksisstaden sitt utviklingsarbeid, og får praktisk læring og kunnskap om utviklingsarbeid

Gjennomføring:                                            

Førde Helsetun:1.års sjukepleiestudentar gjennomførte kartlegging (h-12,v-13) og la fram funna for dei tilsette i avdelinga. Fagdag  om ernæring for tilsette(h-12). 2014: Evaluering av  ernæringspraksis i avdeligane og samarbeide om vidare aktivitet.

Heimetenesta: 3.års sjukepleiestudentar gjennomførte kartlegging i fleire kommunar i fylket (h-13, v-14).  Evaluering og rapportering.

Medisinsk avd., Førde sentralsjukehus: Sjukepleiestudentar i 2. studieår gjennomførte kartlegging (2012/2013). Samarbeid med USHT om innlegg på interne fagdagar.

Vidare arbeid:

Satsinga innan ernæring er vidareført som eit forbetringsarbeid av ernæringspraksis ved sjukeheim og heimetenesta i Førde kommune. Sjå "Pasienttryggleik - Ernæring"

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416