Kultur- og eldreprosjektet

Førde Seniorkor - Klikk for stort bileteHeilskapstenking rundt helse hjå eldre, med fokus på samanhengen mellom kulturelt engasjement og helsetilstand.

Kultur- og eldreprosjektet vart gjennomført i perioden 2008-2012. Prosjektet la vekt på å forankre kulturaktivitetar betre i eldre sin kvardag, betre helsepersonell og kunstnarar sin kompetanse og dermed skape heilskapstenking om behandlingstilbod.

Måla med satsinga: 

  • Alle eldre i Førde skal få tilbod om deltaking i ulike kulturelle tilbod.
  • Det skal utarbeidast verkty og rutinar for kartlegging av kulturelle interesser og behov hjå bebuarane på Førde Helsetun.
  • Ein skal fremje inkludering av fleire faggrupper på institusjon som musikkterapeutar, kulturarbeidarar og miljøterapeutar.

Satsing ved utviklingssenteret/Førde Helsetun:

  • Det opne rom som kulturarena
  • Seniorkor
  • Tilsettekor
  • Kunst på Førde Helsetun
  • Diverse aktivitetstilbod på individ- og avdelingsnivå
  • Musikkterapi

Vidare arbeid:

Fleire av aktivitetane er implementert i drift. Vidareføring og spreiing skjer gjennom nettverksarbeid, sjå "Nettverk miljøbehandling". Starta opp arbeid rundt frivillige i omsorgstenesta (kompetanse, rekruttering, samarbeid).

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416