Kvardagsrehabilitering - samarbeid mellom Gloppen kommune og utviklingssenteret

Utviklingssenteret hadde i perioden 2013-2015 eit samarbeid med Gloppen kommune rundt deira prosjekt om innføring av kvardagsrehabilitering. Hovudmålet var å dele erfaringar og samarbeide om kompetanseheving.

Kvardagsrehabilitering som ein metode for oppfølging av heimebuande eldre med funksjonssvikt var utprøvd og sett i gang i fleire kommunar i landet. Mange av dei var store bykommunar. Her i fylket var Gloppen kommune komen langt i denne prosessen og var igang medKlikk for stort bilete Oskar Andersen  prosjektet "Innføring av kvardagsrehabilitering i Gloppen kommune" (PDF, 2 MB).  Førde kommune var i oppstartsfasen, slik som fleire andre kommunar i fylket. Difor såg utviklingssenteret og Gloppen kommune nytten av eit samarbeid for slik å lage ein struktur kring erfaringsdeling/spreiing til andre kommunar i fylket.

Samarbeidsområde:

  • Kompetanseheving innan rehabilitering/kvardagsrehabilitering
  • Erfaringsdeling og formidling
  • Utarbeide attraktive praksisplassar for studentar,lærlingar og elevar
  • Fagnettverk / fagdagar i kvardagsrehabilitering

I høgre-menyen finn du mykje nyttig materiell som vart utarbeidd av Gloppen kommune i prosjektperioden.  For meir informasjon kontakt: Bente H.Sundal i Gloppen kommune, tlf.941 68 563

Fagdagar i kvardagsrehabilitering:

  • "Kvardagsrehabilitering" (28.08.13)
  • "Med fokus på erfaringsdeling og dialog" (14.01.14)
  • "Dagens og Morgendagens eldre" (12.05.14)
  • "Velferdsteknologi" (13.01.15)
  • "Rehabilitering og kvardagsrehabilitering. Med fokus på pasienten sine mål, motivasjon, brukarmedverknad og ansvarleggjering" (04.06.15)
bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416