Praksispakke for 3.-års sjukepleiestudentar

 Praksis i kommunehelsetenesta med fokus på demensomsorga

Prosjektet pågjekk i 2013 og hadde sitt utspring i tidlegare samarbeidsprosjekt med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Praksismodellen gjaldt for sjukepleiestudentar i siste  praksisperiode (fordjupningspraksis).

Målet var:

  • å etablere ein modell for praksis som la til rette for kunnskap om og deltaking i det heilskaplege kommunale tenestetilbodet
  • legge til rette for innsikt i mangfaldet, kompleksiteten og muligheitene i kommunehelsetenesta
  • at fleire sjukepleiestudentar skulle velje praksis i kommunehelsetenesta i den siste praksisperioden i utdanninga

Gjennomføring:

I løpet av 6 veker var studentane innom dei ulike kommunale tenestetilboda til personar med demens: heimetenesta, skjerma eining, dagtilbod, demensteam. Dei hadde fokus på forbetringsarbeid og gjennomførte eit arbeidskrav tett knytt til praksisplassen. Den inkluderte samstundes 1.-års studentar i deira sjukeheimspraksis. Elles fekk dei innblikk i kommunal organisering og utviklingssenteret sitt arbeid.

Piloten vart godt evaluert og modellen er vidareført med mindre justeringar. Praksismodellen er òg prøvd ut i Gloppen kommune, då med fokus på rehabilitering.

 

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416