Rekruttering - ungdomsskule og vidaregåande skule

Innsikt i helsefaglege utdanningar, sjå spekteret i yrkesvala og oppleve gode og meiningsfulle praksisperiodar.

Dette var føremålet med det kontinuerlege arbeidet til utviklingssenteret for å styrke rekrutteringa til kommunehelsetenesta. Prosjektet gjekk over i drift i 2016.

Orienteringsbesøk for ungdomsskulane

  • Besøk til ungdomsskular i fleire kommunar ein gang i året
  • Om mogeleg før 9. klasse vel praksis i "Utdanningsval"

Informasjon om:

  • ulike helsefaglege utdanningar
  • spekteret av arbeidsoppgåver
  • yrkesval i kommunehelsetenesta.

Gjennomført i samarbeid med Øyrane vidaregåande skule.

Ungdomsskuleelevar i praksis ved sjukeheimarElevar i ungdomsskulen i praksis ved utviklingssenteret - Klikk for stort bilete

  • Program for elevar i praksis ved Førde Helsetun i faget utdanningsval
  • Fokus på aktivitetar og dialog med eldre
  • Informasjon til bebuarane om aktivitetstilbodet
  • Elevar i utplassering i "Arbeidslivsfaget" gjennomførde aktivitetar med bebuarane

Her er nokre døme på planar for aktivitetar for elevbesøk:   

Program for elevbesøk (PDF, 48 kB)

Informasjon til bebuarane i høve elevbesøk (PDF, 173 kB)

Vidaregåande skule - elevar i praksis

Gjennom store delar av året er det elevar frå VG1 og VG2 i praksis ved Førde Helsetun. Utviklingssenteret tok initiativ til å utarbeide rutine for mottak av elevar og ny modell for praksis. Arbeidet vart gjennomført saman med aktuelle leiararar i kommunen og Øyrane vidaregåande skule.