Dagtilbod for personar med demens

Klikk for stort bilete

Dagaktivitetstilbodet i Førde kommune vart etablert hausten 2012. Tilbodet legg til rette for ein kultur prega av personsentrert omsorg, og skal bidra til ein meiningsfull kvardag med fokus på aktivitet, oppleving av meistring, tryggleik og sosialt samvær.

I etableringsfasen og utvikling av tilbodet har ein bygd vidare på erfaringane med tidlegare satsingar som demensteamet og ressursgruppa i heimetenesta.Gjennom samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd. for helsefag, er førstelektor Toril Midtbø engasjert i ei delstilling for å vere ein ressurs på dagsenteret med rettleiing og faglege innspel.
 

Utviklingssenteret har etter søknad fått tilskotmidlar frå Helsedirektoratet til prosjektet "Systematisk pårørandearbeid for å førebygge slitasje og stress ved krevjande omsorgsoppåver". Fokuset i dei tre fasane har vore:

  • 2013-2015: Meiningsfulle aktivitetar, frivillige og støttekontaktar
  • 2015-2016: Ressurspersonar og tidleg innsats etter diagnose
  • 2016-2017: Systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastningstilbod

Prosjektet er no avslutta. Du kan lese meir om erfaringar og resultat på Utviklingssenter.no. Lenke til sluttrapport og fagartikkel ligg i høgre menyfelt.