Tilrettelagde dagaktivitetstilbod for personar med demens

USHT inviterte kommunane i fylket til fagdag med tema dagtilbod for personar med demens - med fokus på etablering, forankring og drift.

Fagdagen vart arrangert på Skei Hotell 12. juni 2014. I ei tid med høg aktivitet for mange, var det likevel god deltaking: 10 kommunar var representert med tilsaman 28 deltakarar. 

Før lunsj stod Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse for innhaldet i programmet. Liv Bjerknes Taranrød og Elin H. Aarø Strandli gav deltakarane oppdatert informasjon om tilskotsordningar, gode råd og kunnskap om planlegging, etablering og drift av dagtilbod, samt kvalitetssikring av tilboda. 

Etter lunsj fekk vi presentert gode døme på korleis ulike kommunar i fylket har starta opp og driv dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens:

"Veglo" - Førde kommune v/Toril Midtbø (HiSF) og Bente Lofnes (PDF, 3 MB)

"Inn på tunet" - Gloppen kommune v/Merete Knoff (PDF, 222 kB)

"Timesenteret" - Årdal kommune v/Anja Bolstad og Jorunn Haug Johansen (PDF, 509 kB) 

På slutten av dagen var det sett av tid til erfaringsdeling og dialog i grupper.

 

Du finn meir informasjon her:

Program for fagdagen (PDF, 161 kB)

Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse

Miljøplan "Timesenteret" Årdal kommune (PDF, 2 MB)

Kontaktperson:

Marta Strandos, leiar
Tlf: 57 61 26 54 / 41 52 64 16
marta.strandos@forde.kommune.no