Involvering og støtte til pårørande

Førde kommune har gjennomført eit utviklingsarbeid knytt til involvering og støtte til pårørande i sjukeheim og heimetenester. Overordnda mål har vore å utvikle tiltak som anerkjenner og støttar pårørande og betrar samspelet mellom den offentlege og den uformelle omsorga. Vi ønskjer å auke og samordne kunnskapen om pårørande slik at vi betre kan trekke i same retning og utvide forståinga av pårøranderolla. Pårørande er ikkje ein person, nettverk med familie, slekt, naboar er å forstå som pårørande og er av betydning.

Om prosjektet

I dette prosjektet har vi starta med å utvikle og prøve ut ein modell for pårørandesamarbeid. Deler av arbeidet er gjort i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelse, Demensforeiningen i Sunnfjord som del av prosjektet "Frivillige og kommune hand i hand for betre kontiunitet og samhandling - ny giv i pårørandearbeidet" Prosjektet er støtta med midlar frå Extrastiftelsen.

Effektmål:

  • Bringe fram meir kunnskap om kva pårørande og andre frivillige kan bidra med som eit supplement inn mot den kommunale tenesta.
  • Utvikle tiltak i samarbeid med pårørande for å auke samspelet mellom pårørande og helse og omsorgstenesta for å auke involvering.

Delmål:

  • Hente kunnskap om korleis involvere/mobilisere pårørande og frivillige på nye måtar
  • Sikre tilgang på kvalitetssikra/kunnskapsbasert informasjon til brukarar, pårørande og tilsette.
  • Senke terskelen for å ta kontakt med «nokon» og førebygge stigma/skamkjensle
  • Utvikle og prøve ut tiltak som anerkjenner og støttar pårørande, og som betrar samspelet mellom den offentlege og uformelle omsorga.
  • Sikre kontinuitet, og «lage plass» og mobilisere pårørande og andre frivillige når den sjuke er kommen inn på institusjon

Resultatmål:

Starte modellutvikling for auka involvering og støtte av pårørande til pasientar i sjukeheim og heimetenester. Med dette:

  • Utvikle og tilpasse kurspakke i samarbeid med pårørande for å auke samspelet mellom pårørande, frivillige og helse og omsorgstenesta
  • Systematisere og kvalitetssikre pårørandesamarbeidet - utvide forståinga av pårøranderolla
  • Auke kunnskap om demens i lokalsamfunnet

 

Fem fasar i prosjektet

Prosjektet har delt arbeidet inn i 5 fasar:

  1. Planlegge og innhente gode praksisdømer
  2. Kartlegge behov hos pårørande
  3. Starte modellutvikling
  4. Utvikle og prøve ut tiltak – modell for rutinar og praksis
  5. Evaluere (prosessevaluering)

Fasane kan forståast som delmål i prosjektet, og partane i prosjektet har jobba parallelt med ulike tiltak. Pårørande har bidratt aktivt i utviklingsarbeid og i delprosjekt med kurs og opplæring av pårørande og frivillige, samt ved etablering av sosiale møteplassar.  Pårørande har òg bidratt i prosessen med utvikling av informasjonsskriv og skjema som skal bidra til betre informasjonsflyten mellom tilsette, pasientar og pårørande, samt avklare forventningar og roller.

Forslag til modell for pårørandeinvolvering og pårørandestøtte

Det er menneska, ikkje ein modell, som endrar praksis og kultur i helse- og omsorgstenester og i lokalsamfunnet. Vår modell kan sjåast som verktøy på vegen til endra praksis. Vi har sett at det er viktig å sjå på mange områder samstundes for å sikre at involvering og støtte av pårørande vert ein rød tråd og del av drifta.

Basert på kunnskapen vi har frå tilsette sine erfaringar, forsking og tilbakemeldingar frå pårørande, har vi komme fram til følgjande modell med aktuelle tiltak for å auke involvering, samarbeid og støtte til pårørande:
 

  1. Rutinar og praksis for systematisk pårørandesamarbeid i sjukeheim
  2. Rutinar og praksis for systematisk pårørandesamarbeid i heimetenester
  3. Samarbeid med pårørande om opplæringsprogram for frivillige – Aktivitetsvenn (Eigne tiltak for involvering av familie/nettverk)
  4. Samarbeid med pårørande om nye møteplassar (Pårørandedagar, pårørandeskule, aktivitetskafé)
  5. Samarbeid med pårørande om å spreie kunnskap om demens i lokalsamfunnet - Demensvennleg samfunn, opplysningdagar om demens

Skjema og informasjonshefte

Vi erfarer at ei god verktøykasse med rutinar, skjema og hefter er viktig for å sikre informasjonsflyt og at alle har tilbod om jamlege pasient- og pårørendesamtaler. Skriftleg invitasjon og planlagde møter kan vere viktig for at pårørandesamtalane skal skje. Mykje av det daglege pårørendesamarbeidet skjer i uformelle treffpunkt mellom primærkontakt, pasient og pårørande, men vi ser det likvel som nødvendig å ha planlagde møter der partane kan møte førebudde.

Guide for pårøranesamtalar gir struktur og her er det rom for å legge til nye områder etter kvart som ein ser nye behov.

Kontaktinformasjon:

  • Rutinar og praksis for systematisk pårørandesamarbeid i sjukeheim.
    Kontakt einingsleiar Førde Helsetun, Una Holmelid. E-post: una.holmelid@forde.kommune.no
  • Samarbeid med pårørande om opplæringprogram for frivillige
    Konakt leiar Frivillig og frislivssentralen i Førde, Kari Valle. E-post: kari.valle@forde.kommune.no
  • Generelt om prosjektet
    Kontakt tidlegare utviklingskoordinator Fagutvikling og koordinering, Heidi Ekehaug.Tlf.:45661994