Personsentret omsorg: Opplæring i systematiske metodar

Utviklingssenteret har kunnskap om bruk av ulike metodar innan personsentert omsorg og kan tilby opplæring og rettleiing i flere av desse.

Personsentrert omsorg tek utgangspunkt i menneska sine grunnleggande psykologiske behov. Det handlar om å sjå personen med demens som ein person med kjensler, rettar, ynskjer og livshistorie. Nasjonal kompetansetjeneste Aldring og helse har utarbeidd program for opplæring i ulike systematiske modellar for å implementere personsentret omsorg i praksis. Utviklingssenteret har eigne ressurspersonar på fleire av desse områda og kan tilby kommunane rettleiing og evt tilpasse kurs etter behov.

Metodane som er aktuelle:

  • VIPS
  • "Tillit framfor tvang"
  • Musikkbasert miljøbehandling
  • TID (evt. 2019)

Det er mogeleg å kombinere nokre av desse opplæringane med fagseminar i Demensomsorgas ABC.