Fagnettverk i eldremedisin/eldreomsorg

Fagnettverket har vore i drift sidan 2015 og bygger på ein samhandlingsavtale mellom Helse Førde og kommunane i fylket. Denne forpliktar m.a. partane til å delta med faste ressurspersonar på fagdagar arrangert gjennom nettverket. Målgruppa er såleis tilsette både i Helse Førde og i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Føremålet med nettverket er å:

-  vidareutvikle trygge, samordna og tverrfaglege helsetenester til brukarane
-  
fremje deling av beste kunnskap/praksis
-  
styrke engasjementet for arbeid med målgruppa
-  
sikre samordning av ressursbruk knytt til fagutvikling

Overordna tema i 2019

Demens - med hovudfokus på heimebuande og deira pårørande.

Tema og program for samlingane blir tett knytt til arbeidet med reforma "Leve hele livet" og pasienttryggleik.

Fagdagar i 2019:

  • 11.april og 31.oktober
bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416