Avvikla fagdag i eldremedisin/eldreomsorg 16.mars 2017

58 deltakarar frå 15 kommunar i Sogn og Fjordane og frå Helse Førde møtte på samlinga som hadde tema "Akutt funksjonssvikt".

Henrik Sundt Moen, geriater ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) og Else Ørstavik Hollund, avd.sjukepleiar ved den akuttgeriatriske sengeposten SUS føreleste om akutt funksjonssvikt hos eldre og korleis ein sikra systematisk oppfølging av desse pasientane. 

Gro Hovland, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet orienterte om vidareutdanning i akuttsjukepleie for kommunehelsetenesta, og tok føre seg problemstillingar som tilsette i kommunane opplever. Ho viste også til gode verkty for å oppdage forverra tilstand hos eldre.

Berit Ullebust, USHT og Wenche Sjåstad, Helse Førde, orienterte om status for arbeidet med pasienttryggleik og det nye innsatsområdet "Tidleg oppdaging av forverra tilstand".

 

Neste samling i nettverket vert 26.oktober 2017

Program og presentasjonar ligg i høgremenyen