Avvikla fagdag i nettverket eldremedisin/eldreomsorg

Fagnettverket hadde samling 27.oktober. Samtykke, samtykkekompetanse og bruk av tvang var hovudtema, men arbeidet med pasienttryggleik kring legemiddelbruk var også ein viktig del av dagen.

Utfrå engasjementet til dei 56 frammøtte var tema svært aktuellle.

Innlegga frå rådgjevar hos Fylkesmannen, Andreas Rusten, og frå fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, utfylte kvarandre på ein god måte. Både teoretisk påfyll og refleksjonssamtale gjorde stoffet praksisnært.

Einingsleiar i heimetenesta i Gloppen kommune, Elsa Hjorteset, viste nyttig eksempel frå praksis kring avtale knytt til legemiddelhandtering.     

Forsamlinga fekk også informasjon om rutinane for pasientoppfølging i eldremedisinsk poliklinikk, frå koordinator Greta Gard Endal. I dei parallelle sesjonane arbeidde tilsette i kommunane med tiltakspakkane knytt til legemiddelbruk i sjukeheim og heimeteneste, medan tilsette i Helse Førde drøfta problemstilingar knytt til legemiddelgjennomgang og legemiddelsamstemming.   

 

I 2017 er det planlagt samlingar 16. mars og 26. oktober, med «Akutt funksjonssvikt» som overordra tema.