Fagdag i nettverket 10.mars 2016

Fagnettverket er inne i sitt andre driftsår. Vi held fram med det overordna tema "Medikamentbruk blant eldre med vekt på multifarmasi". Fagdagen 10. mars viste at det framleis er god interesse - 69 deltakarar frå 17 kommunar og 3 avdelingar ved Helse Førde. 

Delir hos eldre var gjennomgangstema på fagdagen. Overlege Eva Herløsund Søgnen i Helse Førde innleia med "Delir hos eldre: kva er dette, medisinsk sett?" (PDF, 2 MB). Samhandlingsfokus og førebygging av delir kom godt fram i Åge Wiberg Bøyum sitt innlegg "Førebygging og handtering av delir hos eldre, med fokus på forflytting mellom tenester". (PDF, 2 MB) Bøyum er høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Det gode dømet frå praksis kom denne gangen frå Flora kommune. Sjukepleiar i heimetenesta, Anne Grethe B. Prestrud, fortalde om korleis dei organiserer seg i primærteam (PDF, 280 kB) saman med fastlege rundt heimebuande pasientar.

Som tidlegare var den siste delen av programmet sett av til arbeid med legemiddel og pasienttryggleik. Det var nokre innleiingar før deltakarane sat i grupper for å planlegge aktivitet i eigen kommune/avdeling, dele erfaringar og få rettleiing. Dette er eit arbeid som blir følgt opp av arrangørane mellom samlingane.

Legemiddel og pasienttryggleik i Helse Førde (PDF, 2 MB)v/Wenche Sjåstad

Programmet for fagdagen (PDF, 317 kB)