Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg - 2.samling 2015

Deltakarar - Klikk for stort bilete

Den andre fagdagen i nettverket vart halden på Skei 10.sept 2015, med 82 deltakarar frå 19 kommunar og 4 avd i Helse Førde. Tema for 2015 er «Medikamentbruk blant eldre med vekt på multifarmasi», og programmet (PDF, 312 kB) på denne samlinga var ei blanding av faglege tema og forbetringsarbeid.

 

 

Dialog mellom Paal Naalsund, geriater/seksjonsoverlege Haraldsplass diakonale sjukehus og Simone Mader, overlege ortopedisk avd., Helse Førde - Klikk for stort bilete

«Demens og medikamentbruk» v/ Paal Naalsund, geriater/seksjonsoverlege Haraldsplass diakonale sjukehus, gav ei god innføring i sjukdomslære og behandling av ulike demenssjukdommar. Han la vekt på det viktige utgreiingsarbeidet for å stille rett demensdiagnose.

Last ned presentasjonen til Paal Naalsund (PDF, 3 MB)

 


 

Berit Ullebust - USHT, Gro Sævil Haldorsen -  Helse Sør-Øst, Wenche Sjåstad - Helse Førde - Klikk for stort bilete Wenche Sjåstad v/Helse Førde og Berit Ullebust v/USHT Førde kommune informerte om status i pasienttryggleiksarbeid i kommunane (PDF, 2 MB) og status i Helse Førde. (PDF, 2 MB)

Etter lunsj var tema «Implementering og systematisk forbetringsarbeid (PDF, 3 MB)» v/Gro Sævil Haldorsen frå Helse Sør-Øst. Ho engasjerte deltakarane og kom inn på fleire sentrale moment i dette arbeidet.

 

Gruppediskusjon i læringsnettverket - Klikk for stort bilete

Den neste timen var det to parallellsesjonar: 1)Kommunane som er med i læringsnettverket innanfor rett legemiddelbruk i sjukeheim/heimetenestedeltek 2) Erfaringsdeling ut frå dagens tema

Leif Olstad avslutta samlinga med eit sterkt og viktig innlegg om brukarerfaringar

 



Fagnettverket er etablert som ein samarbeidsavtale mellom Helse Førde og kommunane i fylket. Innhald på fagdagane er relevante fagtema og forbetringsarbeid. I 2015 er tema «Medikamentbruk blant eldre med vekt på multifarmasi» , og arbeid med tiltakspakkane frå Pasienttryggleiksprogrammet «Rett legemiddelbruk i sjukeheim/heimetenesta». 8 kommunar deltek og får oppfølging mellom samlingane

Logo USHT - Klikk for stort bilete

Logo - Klikk for stort bilete

Logo KS - Klikk for stort bilete

Logo Helse Førde - Klikk for stort bilete