Forbetringsutdanning kommunar

Klikk for stort bilete 

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) har i samarbeid med Helse Førde starta ei forbetringsutdanning innan kvalitet- og pasienttryggleiksarbeid for kommunar og Helse Førde med oppstart nov. 2019. 


Forbetringsutdanning for praksis

Utdanninga legg vekt på at deltakarane får kunnskap om forbetringsmetodikk knytt til praksis. Ein god måte å lære dette på, er å nytte metodane i eit forbetringsarbeid parallelt med utdanninga. Målgruppe er einingsleiar, avdelingssjukepleiar eller ressurspersonar som driv fagutviklingsarbeid.Deltakarar vel i forkant av utdanninga eit tema som arbeidsplassen treng forbetring på. Det kan vere nyttig å knytte tema til reforma, Leve heile livet eller innsatsområda i Pasienttryggleiksprogrammet. Utdanninga er planlagt med tre fysiske samlingar over ni månader, der USHT vil ha ansvar for å rettleie deltakarar på og mellom samlingane.

Som følge av koronavirus er opplegget for utdanninga endra til kortare digitale samlingar haust. 20 og vinter /vår 2021

 

 

Meir informasjon: berit.helen.ullebust@sunnfjord.kommune.no

bilde av personen: Berit  Ullebust

Berit Ullebust

Kreftkoordinator
Telefon : 57 61 28 18
Mobil: 948 24 254