Forbetringsutdanning 1. samling i Førde 11 og 12 februar 2020

På første samling i Forbetringsutdanninga vart det lagt vekt på forbetringsteori og System of Profound Knowledge (Improvement Guide kap.4).Målet er at deltakarane får ei djupare forståing av dei ulike dimensjonane i forbedringsarbeid, og kan analysere desse i forhold til eige prosjekt.

Forbetringsmodellen er ein metode for å arbeide systematisk med forbetringsarbeid (Model for Improvement, kap.5 og 6 Improvement Guide). Modellen omhandlar å forstå problemet, planlegge og setje mål, utarbeide måleindikatorar og korleis operasjonalisere desse, "how much by when". Del to av modellen legg vekt på korleis teste ut enkelttiltak med PDSA i liten skala og under ulike forhold inntil tiltaket kan implementerast. Drivardiagram visualiserer forbetringsarbeidet, og beskriv prosessen frå mål til tiltak.

Dag 2 inneheldt tema om prosesskartlegging og flytdiagram. Det var lagt vekt på teori og øvingar knytt til spørsmål 2 i Forbetringsmodellen; Korleis vite at ei endring er ei forbetring? med tema variasjon, ulike typar målingar i forbetringsarbeid, ulike diagram og det å vite når ein prosess er tilfeldig eller ikkje-tilfeldig. Samt å anvende resultat frå målingar i lokal kontekst med døme frå Kirurgisk avdeling, Helse Førde.

Brukaren si stemme er viktig inn i forbetringsarbeid. Det vart presentert ulike innfallsvinklar til korleis ein kan jobbe med brukarmedverknad, viktige spørsmål å stille og føresetnadar som må takast i betraktning når brukar skal delta.