Forsking ved utviklingssenteret

Utviklingssentra skal legge til rette for og bidra til forsking i helse- og omsorgstenestene. Det betyr mellom anna å etablere samarbeid med aktuelle forskingsmiljø og ta del i samarbeidsprosjekt på tvers av institusjonar og fagområde, og vere pådrivar for å implementere forsking som ein naturleg del av praksis.

På denne sida vil vi presentere forskingsprosjekt, publikasjonar og samarbeid i tilknyting til USHT i Sogn og Fjordane.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom utviklingssentra på Vestlandet og Senter for omsorgsforsning Vest i perioden 2012-2015. Føremålet med prosjektet var å kartlegge omfanget av av førebyggande heimebesøk i kommunane, og om heimebesøk bidregtil betre tryggleik og helse for eldre.

Anne Marie Sandvoll

 Det var stor respons då Aud Berit Fossøy og Anne Marie Sandvoll presenterte forskingsfunna sine på heimebane på Forskingsdagane. I regi av utviklingssenteret fekk dei tilsette i pleie- og omsorgstenestene i Førde kommune invitasjon til miniseminar skreddarsydd for desse to forskarane sitt heimepublikum. "Det er kjekt å formidle til dei som kjenner feltet så godt", seier Anne Marie Sandvoll.

Meir omtale på HiSF si heimeside