Førebyggande heimebesøk til eldre

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom utviklingssentra på Vestlandet og Senter for omsorgsforsning Vest i perioden 2012-2015. Føremålet med prosjektet var å kartlegge omfanget av av førebyggande heimebesøk i kommunane, og om heimebesøk bidregtil betre tryggleik og helse for eldre.

Prosjektet omfatta kommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, og var delt inn i fire delar:

  • Del 1: Kartlegging av arbeidsmetodikk og utbreiing i kommunane (spørjeundersøking i 2012)
  • Del 2: Samle brukarerfaringar og utøvarerfaringar (kvalitative intervju i 2013)
  • Del 3: Erfaringsdeling på tvers av kommunane
  • Del 4: Publisering av idéhandbok(publisert i 2015)

Resultat

Kartleggingsrapport Vestlandet publisert i 2013 oppsummerar resultat innanfor:

  • utbreiing av tiltaket
  • målgruppe
  • kontaktetablering og respons frå dei eldre
  • sjølve heimebesøket
  • opplæring
  • kommunar utan etablert tilbod

Idéhandbok publisert i 2015:

  • På bakgrunn av resultata i spørjeundersøkinga og intervjua, samt gjennomgang av litteratur og forsking på området, vart det laga ei idéhandbok med anbefalingar knytt til førebyggande heimebesøk til eldre.
  • Denne er distribuert til alle kommunane i landet

Prosjektleiar: Sønnøve Teigen ved USHT Hordaland sonneve.teigen@bergen.kommune.no

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416