Samanheng mellom bruk av tvang og kompetanse

Klikk for stort bilete

Resultat frå forskingsstudien MEDCED viser nedgang i bruk av tvang overfor personar med demens. Denne nedgangen har samanheng med kompetansen til dei tilsette ved sjukeheimane. Det er likevel for lite tid og ressursar til å gjennomføre nødvendig kursing og vidareutdanning.

Sjå omtale av studien i Firda:"Færre demente blir utsette for tvang" (PDF, 713 kB) og på NRK: "Sjukeheimstilsette får ikkje opplæring".

Forskingsprosjektet er leia av Senter for omsorgsforsning Vest, og er gjennomført i samarbeid med utviklingssentra på Vestlandet, høgskulane i dei tre fylka og Regionalt senter for eldremedisin og samhandling (SESAM).

Studien retesta tidlegare funn som viste at to dagar undervisning og ein time rettleiing i seks månadar om personsentrert omsorg og alternativ forståing av aggresjon, reduserte bruk av tvang og psykofarmaka ovanfor personar med demens på sjukehus.

I alt 24 sjukeheimsavdelingar på Vestlandet har deltatt i forskingsprosjektet. 6 av desse var i Sogn og Fjordane.