USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har i tett samarbeid med hygienesjukepleiarane i Helse Førde utarbeidd eit undervisningsopplegg som kan nyttast ved smitteutbrot med koronavirus i sjukeheim/omsorgsbustad. Det er ein «kortversjon» av tidlegare utarbeidd opplæringspakke til bruk i kohortavd/institusjon.

 

Presentasjonen som vart brukt i webinaret 27.mai finn de i høgre menyfelt.

Er det ekstra behov for refleksjon i desse usikre og krevjande tider? Det er inngangsspørmålet på videokonferansen om etikk 27.mai. Vi legg vekt på systematisk etisk refleksjon, og korleis gjennomføre dette i praksis. USHT gjennomfører dette ilag med Leni Klakegg, regional veileder etisk kompetanse i KS. Vi kjem til å veksle mellom  undervisning og dialog.

 

Det er god interesse for videomøta vi tilbyr leiarar av kohortavd/-senger. Det har vore mellom 20-25 deltakarar og dei fleste kommunane er representert. Vi er glade for det og sender ut ny invitasjon til møte etter sommarferien, medio september. Send gjerne ein epost med tilbakemelding og/eller tips om innhald til marta.strandos@sunnfjord.kommune.no .

De finn presentasjon og døme på rutinar utarbeidd i Sunnfjord kommune på høgre side.

Den 19.06 hadde Johanne K. Askvig eit nyttig innlegg med erfaringar frå sjukeheim i Oslo der smitte med korona har oppstått, og dei  praktiske utfordringar som blir og aktuelle tiltak i forhold til desse. De finn presentasjonen og skjema for :

Legg også ved to skjema som kan vere nyttige, Eit FØR ein får smitte og eit som brukast ETTER  ein har vore i kontakt med smitta:

 

 

 I samband med covid-19 har USHT Vestland (Sogn og Fjordane) utarbeidd fleire opplæringspakkar for personale i kommunehelsetenesta. Som ei oppfølging av desse, tilbyr vi videokonferansar innanfor nokre av dei utvalde kompetanseområda. Undervisninga er i tett samarbeid med Helse Førde (palliativt team, ambulansetenesta) og KS (etisk kompetanseheving).

 

I høgre felt finn de oversikt over videokonferansane med tidspunkt og tema.

Videokonferansane er opne for alle. Informasjon om videoadresse og pålogging blir delt på heimesida og via epost til kommunane.

Observasjonskompetanse er eitt av dei prioriterte områda for opplæringstiltak i samband med covid-19. Helsedirektoratet har det med i sin veiledar, og USHT har lagt inn ressursar i opplæringspakkane. Saman med ambulansetenesta i Helse Førde tilbyr vi undervisning via videokonferansar. Alle datoar er kl 13.30-15.00. De kan logge på videomøta med adressa: usht3.forde@vm.nhn.no.

 

12.mai   Vitale målingar, ABCDE, NEWS 2 og observasjonsmetodar. Presentasjon :Systematisk observasjon, NEWS2 (PDF, 3 MB)

18.mai   Sepsis og kartleggingsverktyet qSofa. Presentasjon :Sepsis  (PDF, 2 MB)

25.mai   Innlegging av venflon og venekanylering. Pasientens følgjeskjema. Presentasjon: Veneflon og venekanylering (PDF, 2 MB)

3. juni   Kommunikasjonsverktøyet ISBAR. Presentasjon:

  Verkty og skjema:

Utstyrssekk Heimetenester: https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering/koronavirus/covid-19-opplaeringsressurser

Instruksjonsvideoar: https://www.kompetansebroen.no/vitaleparametere/?o=oa

 

 

 

 

I samband med utbrot  av koronavirus har Utviklingssenteret fått meldt behov for å auke kompetansen innan symptomlindring. Vi vil derfor i samarbeid med Palliativt team, Helse Førde gje tilbod om videomøter i lindrande behandling. Datoar er: 2 april, 20 april, 27 april og 4 mai. Alle datoar kl. 14-15. De kan logge på videomøta med adressa: usht3.forde@vm.nhn.no

 

2 april Videoundervisning Dyspnoe (PDF, 901 kB)

20 april Praktisk bruk av smertepumpe (PDF, 986 kB)

27 april Behandlings-algoritmar i palliasjon (PDF, 3 MB)

4 mai Uro, angst, DELIR og dødsralling (PDF, 339 kB)

Leverandør og service Micrel smertepumper: https://www.vingmed-as.no/produkter-og-tjenester/anestesi

Alternativ kontakt for service smertepumpe:http://www.unitronic.no/index.php/no/unitronic.html?showall=1 

 

 

Heimebaserte tenester har etterspurt ein opplæringspakke tilpassa deira personale. Denne er no klar!

Opplæringspakken for personale utan  helsefagleg utdanning er no klar. Målgruppa for opplæringa er nye tilsette og vikarar, og tilsette frå andre einingar i kommunen som blir omdisponert grunna situasjonen rundt Covid-19.

 USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har laga ein opplæringspakke for personale ved kohortavdeling og smitteisolat ved koronavirus. Kompetanseområda er utarbeidd i samarbeid  med kommunalsjef og einingsleiarar i Sunnfjord kommune. Innhaldet er i tråd med nasjonale tilrådingar og gjeldande smittevernsprosedyrar i Helse Førde regionen.

Helsedirektoratet vil om kort tid publisere oppdatert informasjons- og opplæringsmateriale om smittevern til bruk i kommunehelsetenesta.