12. mars kom meldinga om at omsorgssenter og institusjonar i heile Noreg ville verte isolert på  grunn av utbruddet av Covid-19. På grunnlag av dette meldte det seg umiddelbart eit behov for bebuarar og pårørande for å kunne halde kontakt med kvarandre på andre måtar.

   

 

Eldre med svekka helse som bur på institusjon eller heime, er av dei mest sårbare gruppene når det kjem til sjukdomsforløp av koronavirus. Sjukeheimar og andre institusjonar er pålagt besøksforbod og adgangskontroll for å beskytte dei som bur der. Felles aktivitetar og arrangement ved institusjonar er avlyst. Tidlegare forsking viser at mange av dei som bur på sjukeheim opplever einsemd. Nærleik og kontakt med familie og nære er av stor betyding for å motverke dette. Både det å vere i risikogruppe og å ikkje kunne få besøk, kan føre til auka uro hos dei eldre. Pårørande betyr tryggleik og stabilitet. Den sosiale isolasjonen som følgje av tiltaka mot koronavirus er ei ekstra utfordring både for den eldre sjølv, for pårørande og for hjelpeapparatet.