Overordna tema i Fagnettverket eldremedisin/eldreomsorg i 2019 er demens, med hovudfokus på heimebuande og deira pårørande. På fagdagen 11.april var det innlegg og samtalar rundt ulike demensdiagnosar, utgreiing og samarbeid mellom fastlege og demensteam. Det var 65 deltakarar frå 15 kommunar og 5 sjukehusavd/poliklinikkar.

Program, presentasjonar og aktuelle lenker: sjå høgre menyfelt.

GettyImages-1047537292

Oversikt over vårens aktivitetar i ABC-opplæringa.

VtekABC

 

Opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC er utarbeidd av SINTEF og Høgskolen i Sørøst-Norge, på oppdrag frå KS og Helsedirektoratet. Utviklingssentra har i sitt oppdrag å bidra til utrulling av ABC-en.

I 2015 deltok 4 kommunar i fylket i piloteringa av ABCèn, og våren 2018 starta 11 kommunar på opplæringspakken.
 

Utviklingssenteret er no klar med nytt oppstartseminar for våren 2019.

"ABC Musikkbasert miljøbehandling" er eit opplæringstilbod som integrerer musikk, song og bevegelse i miljøbehandling. USHT arrangerer fagseminar for oppstart av denne ABC-permen:

Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde (NB! Var opprinneleg planlagt på Thon Hotel Jølster)

Dato: 26.sep., kl 10:00 til 16:00

Påmeldingsfrist: 5.sep.

Felles påmelding frå kvar kommune, på e-post til Marta Strandos: mast@forde.kommune.no

For 2018 har vi planlagt felles oppstart i Sogn og Fjordane for ei rekke permar. Om kommunane ynskjer oppstart av andre permar enn dei som er skissert her, tek ABC-kontakten direkte kontakt med utviklingssenteret. 

Det er ABC-kontakten sitt ansvar å vidareformidle informasjon om ABC-opplæring, og drøfte eventuell oppstart med leiarane i sin kommune. 

Opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC er utarbeidd av SINTEF og Høgskolen i Sørøst-Norge, på oppdrag frå KS og Helsedirektoratet. Utviklingssentra har i sitt oppdrag å bidra til utrulling av ABC-en.

I 2015 deltok 4 kommunar i fylket i piloteringa av ABCèn, og hausten 2017 starta 12 kommunar på opplæringspakken.

Utviklingssenteret er no klar med nytt oppstartseminar for våren 2018.

Programmet og foilar frå presentasjonane finn du i høgremenyen

Tema på samlinga var ernæring.

Som avslutning av fase 4 i Fylkesprosjektet i velferdsteknologi inviterer vi kommunane til regionale seminar.

 

13. februar, kl. 09 - 15   Førde, Høgskulen på Vie, Festsalen

14. februar, kl. 09 - 15   Eid, Rådhuset, kommunestyresalen

15. februar, kl. 09 - 15   Sogndal, Quality hotell

 

For å lukkast med pasienttryggleiksarbeid er det viktig med god kompetanse og leiarforankring på alle nivå. I samråd med kommunalsjefar for helse og omsorg i fylket, starta Utviklingssenteret opp læringsnettverk for leiing av pasienttryggleik i perioden september 2017 - mars 2018. Det var 10 kommunar som deltok, nokre med fleire team. Teama bestod av avdelingsleiarar, fagleiarar og helsepersonell i sjukeheim og omsorgsbustad. Læringsnettverket vart gjennomført med tre samlingar og videomøter mellom samlingane. Teama valde risikotavle som det tiltaket dei ynskte å innføre på sine einingar. Fleire av teama jobbar no med risikoområder som, førebygging av underernæring, førebygging av trykksår og sikker legemiddelgjennomgang.Utviklingssenteret planlegg nytt læringsnettverk i leiing av pasienttryggleik, med oppstart i november 2018.

"Glimt" - Astrid Wittersø

Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga inviterte til fagdag med musikk som hovudtema onsdag 27. september på Skei i Jølster. Vi tilbydde to seminar der det eine var oppstartsseminar for ABC Musikkbasert miljøbehandling.

På "Den gode samtalen" møtte 49 deltakarar frå 14 kommunar.

På ABC Musikkbasert miljøbehandling deltok 39 tilsette frå 4 kommunar.