For å lykkast med tverrsektorielt arbeid i kommunen, må alle ha ei forståing for og kjenne eigarskap til felles mål. Det er rådet frå folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein. Ho var ein av innleiarane under dei digitale fagdagane i aldersvenleg samfunnsplanlegging som Fylkesmannen i Vestland og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet inviterte til i september.

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-reforma inviterer til fire regionale fagdagar om aldersvenleg samfunnsplanlegging.  
 

 

 Konferansen i Balestrand skulle ha vore i april i år. Vi håpte å kunne gjennomføre arrangementet 22.-23.oktober, men det let seg ikkje gjere. Den blir difor utsatt inntil vidare. 

Det har vore stor interesse for konferansen, og vi vil vurdere om det er aktuelt å halde den våren 2021 med oppdatert program og ny påmelding.

Juni 2020: I dette brevet får kommunane i Vestland nyttig informasjon om Leve heile livet-arbeidet frå Fylkesmannen i Vestland, KS og USHT.   

 

Fylkesmannen saman med KS, USHT, fylkeseldrerådet, Vestland fylkeskommune og det regionale støtteapparatet for reforma "Leve hele livet" inviterar til fagdag om aldersvenleg samfunnsplanlegging for kommunane i Vestland. Hald av datoen for den samlinga som passar for di kommune!

 

Velkommen til Helsekonferansen Vestland 2020. Trude Drevland kjem! Kjem du? 
Programmet er  no publisert og det er opna for påmelding.

 

Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve hele livet-reforma inviterer til konferanse. Hald av datoen så lenge.

 

Dato: 28. november 2019 09:00 - 16:30

Stad: Scandic Sunnfjord hotell, Førde

 

Ansvarleg: Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve hele livet-reforma

 

Målgruppe: Frivillige organisasjonar, næringsliv, ansvarlege for planarbeid, ordførarar, rådmenn og leiarar på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetenesta, leiarar i kommunar og fylkeskommunar, brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, politikarar, tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, representantar frå helseføretak, universitet og høgskular, vidaregåande skular og andre interesserte.

USHT Sogn og Fjordane er ein del av det regionale støtteapparatet som skal støtte opp om kommunane sitt arbeid med kvalitetsreforma "Leve hele livet".

Les om reforma her