Alle skal med

I fase 5 skal ein gjennom erfaringsdeling mellom fylkesprosjektet og det nasjonale spreiingsprosjektet vidareføre arbeidet med informasjon og tilrådingar som vil bli spreidd til alle kommunane i fylket. Ivareta samarbeidsstrukturen i ny region.  Alle skal med.

Hovudmålet for prosjektet er å vidareføre det felles arbeidet med kunnskaps- og erfaringsgrunnlaget for planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenesta i alle kommunane i Sogn og Fjordane, og vere eit avgjerande nettverk og fagforum for vidare spreiing steg for seg.

Hovudmålet blir konkretisert og operasjonalisert gjennom fylgjande konkrete delmål.

Delmål for fase 5:

1. Vidare spreiing av grunnleggande retningslinjer og verktøy for systematisk implementering av velferdsteknologi til alle kommunane som no ikkje er i gang.

2. Vidare utprøving av rollar, prosedyrar og retninglinjer for samhandling mellom ulike organsiasjondeler, fagsystem og eit regionalt responssenter, dvs. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

3. Utgreiing av korleis nettverket og fagforumet kan fortsetje og i kva form når Sogn og Fjordane blir ein del av Vestland.

 

Målgruppa for prosjektet er både kommunar og ulike brukargrupper for velferdsteknologi.