Demens som tema i fagnettverket 11.april

Overordna tema i Fagnettverket eldremedisin/eldreomsorg i 2019 er demens, med hovudfokus på heimebuande og deira pårørande. På fagdagen 11.april har vi innlegg og samtalar rundt ulike demensdiagnosar, kva dei ulike testane seier oss og samarbeid mellom fastlege og demensteam. Program: sjå høgre menyfelt.

Invitasjon er sendt til ressurspersonar i nettverket og kommunalsjefar for helse og omsorg. Fagdagen er open for tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester og avdelingar i Helse Førde.

Deltakaravgift: kr 250,-. Bindande påmelding.

Påmelding på epost til mast@forde.kommune.no , frist 1.april.