Etikkveke i Florø 2.-6. sept

Florø kommune fekk tildelt KS sin nasjonale etikkpris i 2018. Dette markerar og feirar dei ved å arrangere etikkveke med opne arrangement for innbyggarane og tilsette i omsorgstenestene.
 

Systematisk etisk refleksjon er ein viktig i fag- og kvalitetsarbeid i omsorgstenestene. Flora er ein føregangskommune i vårt fylke innanfor dette arbeidet. Dei ulike arrangementa i etikkveka viser stor breidde, praktisk tilnærming og fagleg tyngde i etikkarbeidet.

Smakebitar av programmet: Kurs for etikkrettleiarar, open verdikafè m/Per Nordtvedt, fagdag for tilsette med tema etikk, verdiar, vertskapsrolle og kommunikasjon. Du finn heile programmet i høgre menyfelt. 

Ta gjerne kontakt med Leni Klakegg dersom du ynskjer meir informasjon om etikkveka, eller korleis drive arbeidet med systematisk etisk refleksjon. Tlf: 92411182, epost: leni.klakegg@flora.kommune.no