Fagdag i etikk 14. november

Fagdagen er eit samarbeid mellom USHT Sogn og Fjordane og KS si satsing på etisk kompetanseheving. Saman ynskjer vi å sette fokus på etisk refleksjon i samband med kvalitetsreforma Leve hele livet.

Vi er så heldige å ha fått Einar Aadland til å halde hovudinnlegget for dagen. Aadland er dosent emeritus ved VID vitenskaplige høgskole i Oslo. Han har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, orgnisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.Klikk for stort bilete

Tid: 14. november 2019 kl 10.00-15.30

Stad: Thon Hotel Jølster, Skei

 

Invitasjon og lenke til påmelding er sendt ut til kommunalsjefar, ressurspersonar i fagnettverk, prosjektleiarar i velferdsteknologi og andre i våre nettverk.

 

Påmeldingsfrist: 1. november . Elektronisk påmelding her: https://www.forde.kommune.no/sd/skjema/FKO111/ 

Fagdagen er gratis, men vi fakturarar kvar deltakar for kr 250,- for å dekke halvdelen av dagspakke på hotellet.

 

Kort om «Samarbeid om etisk kompetanseheving»

Prosjektet Samarbeid om etisk kompetanseheving starta i 2007, og vart vidareført som ei nasjonal satsing forankra i stortingsmeldinga «Kompetanseløft 2020» i 2015. Kommunane har vore med å utarbeidd og teke i bruk metodar og verktøy for etisk refleksjon.

Satsinga skal bidra til at kommunane styrker den etiske kompetansen og etablerer eit systematisk etikkarbeid i helse- og omsorgstenestene. Føremålet er å styrke brukaren si oppleving av at helse- og omsorgstenestene ivaretek deira verdigheit  og integritet. Satsinga skal knytast endå tettare mot det kontinuerlige forbedrings- og utviklingsarbeid i tenestene.