Forbetringsutdanning kommunar

Klikk for stort bilete 

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) vil i samarbeid med Helse Førde starte ei forbetringsutdanning innan kvalitet- og pasienttryggleiksarbeid for kommunar i løpet november 2019.


Forbetringsutdanning for praksis

Utdanninga legg vekt på at deltakarane får kunnskap om forbetringsmetodikk knytt til praksis. Ein god måte å lære dette på, er å nytte metodane i eit forbetringsarbeid parallelt med utdanninga. Målgruppe er einingsleiar, avdelingssjukepleiar eller ressurspersonar som driv fagutviklingsarbeid.Deltakarar vel i forkant av utdanninga eit tema som arbeidsplassen treng forbetring på. Det kan vere nyttig å knytte tema til reforma, Leve heile livet eller innsatsområda i Pasienttryggleiksprogrammet. Utdanninga har tre samlingar over ni månader, der USHT vil ha ansvar for å rettleie deltakarar på og mellom samlingane.

 

 

Påmeldingfrist 1.11.19

 

Meir informasjon eller påmelding til: berit.ullebust@forde.kommune.no

bilde av personen: Berit  Ullebust

Berit Ullebust

Kreftkoordinator
Telefon : 57 61 28 18
Mobil: 948 24 254