Frivillige og kommune hand i hand

Klikk for stort bileteProsjektleiar Heidi Ekehaug (t.v) og leiar for utviklingssenteret Marta Strandos

Prosjektet Frivillige og kommune hand i hand får rosande omtale frå ExtraStiftelsen. Dei har besøkt Førde helsetun og er imponert over resultata frå prosjektet. 

Samarbeid er avgjerande for ei god demensomsorg

– Tenestene blir betre i samarbeid med dei pårørande. Dei har eit stort engasjement og saman får vi det til. Det handlar om å vere konstruktive og jobbe godt saman for best mogleg resultat,  seier kommunalsjef Kurt Even Andersen. 

– Målet med prosjektet var å finne fram til gode måtar å samarbeide på, mellom anna gjennom å involvere og støtte pårørande og andre frivillige. 

Fornøgde brukarar og pårørande

Brukarundersøkinga blant pårørande våren 2018 viste stor framgang på alle områda. Det er svært gledeleg å sjå at utviklingsarbeidet har hatt effekt. Førde helsetun låg godt over landssnittet i 2018, medan dei i 2015 låg under landssnittet. 


Om prosjektet