Gjennomførte regionale samlingar "alle skal med"

I løpet av tre dagar har vi vore innom tre stadar i fylket. Prosessveiledere frå PA Consulting har losa 82 deltakarar frå 20 kommunar, representantar frå Fylkeseldrerådet, Brukarutvalet i Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Alarmsentralen gjennom metodikken i "Veikart for tjenesteinnovasjon".


"Veikart for tjenesteinnovasjon" er eit verkty som følger innovasjonsprosessen frå A til Å og er ein generell metodikk som kan nyttast innanfor alle kommunale sektorar. I gjennom det nasjonale velferdsteknologiprogrammet har 9 kommunar i Sogn og Fjordane deltatt i "Spreiingsprosjektet", der dei har nytta metodikken for å implementere velferdsteknologi i sin kommune. No er målet at dei resterande kommunane i Sogn og Fjordane vil være med i prosjektet og lære seg å nytte metodikken. 

Ei spesiell takk til Stryn kommune, Lærdal kommune og Høyanger kommune som stilte opp som vertskap for samlingane.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete