IT-forum Sogn og Fjordane er blitt til IT-forum Vest.

Tidlegare IT-forum Sogn og Fjordane er blitt til IT-forum Vest.
På heimesida skriv dei: "Gjennom eit utvida regionalt samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø,  løftar vi i lag og forsterkar rolla som ein viktig utviklingspartnar i det nye Vestland."

IT-forum har vore ein viktig aktør i å bidra til at ein lokalt og regionalt er i fremste rekke i å nytte IT i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum samarbeider breidt om å ta initiativ til, samordne og sikre felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen - på tvers av sektorar og einingar, deriblant USHT Vestland (Sogn og Fjordane).

Les meir om IT-forum Vestland på deira eigne nettsider: https://it-forum.no/om-it-forum