USHT

Kva er viktig for deg? 2022

Kva er viktig for deg? 2022

 

Målet med dagen er å oppmuntra til fleire gode samtalar mellom dei som gir helse-og omsorgstenester og dei som mottar desse tenestene. Då må ein stilla eit enkelt, men viktig spørsmål. Kva er det pasienten verkeleg treng, ønskjer og håpar på? Å flytta merksemda frå «kva er i vegen med deg?» til «kva er viktig for deg?» bidrar til ei viktig retningsendring i helsevesenet. Erfaring viser at aktiv deltaking i utforminga av eigne mål aukar motivasjonen til pasienten og styrker meistring. Det fremmar god helse. I ein travel kvardag er det utalde situasjonar der det som verkeleg betyr noko for pasienten og dei pårørande ikkje blir forstått eller talast om. Kva er viktig for deg?-dagen er ei moglegheit til å stoppa og tenka litt over korleis vi lyttar, kven vi lyttar for og kva vi gjer med svara vi får. 

For å markere dagen har vi intervjua nokon av innbyggjarane i Sunnfjord kommune, ei av dei er Doris, som nyleg har gått av med pensjon

Vi tek og kontakt med Seniorkoret i Førde - dei møtte vi på Førde omsorgsenter når dei var på øving.